Oppdatert 19.03 klokka 20.45: Det er påvist ein ny Covid-smitta i Sogndal kommune. Den smitta er nærkontakt til ein tidlegare smitta og har vore i karantene. Vedkomande er elev i 3. klasse, og klassen blir sett i karantene og skal testast laurdag.

5 personar tilknytte 6. klasse ved Kaupanger skule har testa positivt, og 59 personar er i karantene.

Det er teke over 200 testar dei siste tre dagane. Det er venta svar på 129 testar tekne torsdag i ettermiddag og kveld. Fredag er det teke 19 hurtigtestar i Sogndal, og alle desse var negative. Det vil bli moglegheit for testing ved Sogndal legesenter i helga.

Kaupanger skule har vore stengd torsdag og fredag.

- Dersom situasjonen ikkje endrar seg, vil Kaupanger skule opna på raudt nivå måndag. Me følgjer situasjonen og vurderer fortløpande ytterlegare tiltak, fortel ordførar Arnstein Menes.

Det vil bli informasjonsmøte for dei tilsette ved skulen, tillitsvalde og hovudvernombod fredag ettermiddag.

Kommunen vil også ha dialog opp mot lag og organisasjonar.

 - Det er viktig at born og unge blir ivaretekne i den situasjonen me er i no, seier Menes.

Han minner om at det no er ekstra viktig at alle følgjer dei nasjonale smittevernreglane.

- Me oppmodar folk om å vera forsiktige, følgja nasjonale smittevernreglar, unngå for mange nærkontaktar og unødvendig reiser, seier Menes.

Oversikt over råd og reglar knytt til koronaviruset på helsenorge.no

Dersom du har symptom, kan du bestilla time til testing på www.c19.no eller kontakta legekontoret. Ved spørsmål om korona, kan du ta kontakt med koronatelefonen på 57 65 28 00 og e-post korona@sogndal.kommune.no.