Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

God sommar!

Eit skuleår er over.

Då er nok eit skuleår over - og det er tid for sommarferie, velfortent for både elevar og tilsette. Skuleåret har vore "prega av" nye læreplanar og korona. Me er på god veg inn i dei nye læreplanane, og tilpassar og fornyar oss etter beste evne.  Koronaen har vore med oss gjennom heile året - og du verden kor flinke elevane har vore å tilpassa seg. Torsdagskvelden hadde me ein flott avslutning for våre 20 flotte 10. klassingar. Me takkar for samarbeidet, og ynskjer dei lukke til vidare. Samstundes så vil me ynskje våre 22 nye 1. klassingar, og alle elevane velkomne til skulestart måndag 16. august kl 09.00.                 

Me ynskjer Dykk alle ein god sommar! 

10A

Publisert | Oppdatert 18. juni 2021