Dei som kan få utdelt gratis koronatestar frå kommunen, er:

  • Personar med symptom som skal avklara om dei er smitta.
  • Personar som skal testa seg fordi det er smitte i husstanden eller hjå nær venn.

Det blir utdeling av testar følgjande stader:

  • Balestrand (Joker og Coop): Onsdagar og laurdagar i opningstida
  • Leikanger (Coop Prix): Onsdagar og laurdagar i opningstida
  • Sogndal (Meny): Onsdagar og laurdagar i opningstida
  • Kaupanger (Vitemeir): Onsdagar og laurdagar i opningstida
  • Fjærland: Utdeling i regi av Fjærland bygdalag
  • Legekontora i Sogndal, Leikanger og Balestrand: I opningstida, du treng ikkje ringa på førehand

Dersom du ynskjer å ha testar som du kan bruka i andre tilfelle enn dei som er skildra over, kan du få kjøpt sjølvtestar på apotek og enkelte andre butikkar.

Har du testa positivt på sjølvtest? Her finn du informasjon om kva du må gjera: Registrer positiv sjølvtest digitalt