Nokre ringer fordi dei har generelle spørsmål knytt til korona, medan andre ringer fordi dei kjenner seg sjuke og ynskjer å bli testa. For å oppretthalda god kapasitet og hindra unødig venting for å koma fram på telefonen, er det viktig at du ringer rett stad for ditt spørsmål.

Har du generelle spørsmål til dømes om karantene, isolering eller anna regelverk, kan du ringa koronatelefonen til Sogndal kommune: 57 65 28 00

E-post med spørsmål om korona til kommunen sender du til: korona@sogndal.kommune.no.

(Koronatelefonen til kommunen er open kvardagar klokka 08.30-11.30.)

Sogndal kommune følgjer dei nasjonale retningslinene, så svar på slike spørsmål vil du også kunne finna på nettsidene helsenorge.no  og fhi.no

Meldingar eller tips om brot på smitteverntiltak kan sendast til postmottak@sogndal.kommune.no og merkast med «til smittevernlege». Me følgje arkivlova og offentleglova, og brevet vil bli journalført i saksarkivet til kommunen og publisert i postlista. Meldinga kan registrerast med anonym avsendar etter ønske. Kommunen følgjer reglar om teieplikt.

Har du symptom eller spørsmål om testing, skal du ringa det lokale legekontoret ditt:

Sogndal legesenter: 57 62 97 00

Leikanger legekontor: 57 65 27 20

Balestrand legekontor: 57 65 13 00

Frå 12. august treng du ikkje lenger henvising frå lege for å bli testa for koronasmitte, men i Sogndal kommune skal du framleis ringa legekontoret for å avtala tid for testing.

Les meir om testing, symptom og sjukdomsforløp på nettsida helsenorge.no.

Tykkjer du at det er vanskeleg å vita om du skal testa deg for koronasmitte? På helsenorge.no kan du ta ein enkel koronasjekk.

Smittespreiinga er aukande fleire stader i landet, og det er svært viktig at me følgjer smittervernsråda:

  • Hugs god hand- og hostehygiene
  • Hald ein meter avstand til andre enn dine næraste
  • Hald deg heime om du får symptom på luftvegsinfeksjon