Offisiell statistikk per 3. april viser at vi no har 622 ledige i Sogndal kommune. Dette utgjer 9,6 % av arbeidsstyrken. Talet arbeidsledige på same tid i fjor var 92.

Dette er ein tøff periode for både små og store bedrifter – og det er ein tøff periode for mange av dei som ikkje veit heilt sikkert kva tid dei kan komme tilbake på jobb. Eit godt tips til alle arbeidsledige er å gjere seg tilgjengeleg for arbeidsmarknaden. I helse- og omsorgssektoren kan det raskt bli behov for fleire folk – og det er venta at det kan oppstå behov i andre næringar og kritiske tenester både lokalt og nasjonalt.

Det kan vere både givande å interessant å nytte høvet til å bidra i lokalsamfunnet og jobbe ein annan plass enn der ein jobbar til vanleg. For at du skal få moglegheit til det er det viktig at du er godt synleg for arbeidsgjevarar som treng folk.

Vi oppmodar arbeidsledige til å registrere seg i Sogndal kommune sitt registreringsskjema eller å leggje inn CV og jobbprofil på arbeidsplassen.no

Arbeidslosetal.JPG

NAV har laga fleire informasjonsvideoar som kan vera nyttige:

Økonomiske bekymringar from nav webinar on Vimeo.

Fleire informasjonsvideoar frå NAV kan du sjå her