• All ordinær kulturaktivitet framover er avlyst. Dette inneber tap av tilbod, og mange lag misser inntektskjelda si.
    Korleis 17. mai vert, vil vi koma attende til.
     
  • I denne situasjonen gjer Sogndal kommune det klårt at tilskot til lag, organisasjonar og andre kulturaktørar, vil på bakgrunn av søknad verta utbetalt, som om det var ordinær drift.
     
  • Søknad om kulturmidlar er lyst ut. Søknadsfristen er utvida til 1. mai. Her finn du nærare informasjon og søknadsskjema. 
     
  • Er det nokon som av likviditetsomsyn treng ei snøgg handsaming av søknaden, sender de eigen mail om dette til postmottak@sogndal.kommune.no. Det er fint om de då syner til søknad.
     
  • Kommunen vil elles gjera dykk merksam på at det er mange andre stader det er råd å søkje tilskot til drift, det vera stiftingar eller Vestland fylke for regionale tilbod. Her er fristen 5. april.
     
  • Sparebanken Vest opprettar eit eige korona-fond på 100 millionar.  
     
  • Kulturrådet har ei eige kompensasjonsordning på 300 millionar kroner for kulturaktørar som har måtta avlyse eller utsetje arrangement som følgje av pålegg og forbod som har kome frå helsestyresmaktene. Førebels gjeld dette tilskipingar ut april, men tidsramma vert truleg utvida. Sjå meir informasjon på kulturrådet si nettside.
     
  • Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar og ei krisepakke til frivilligheit og idrett. Ordninga skal òg kompensere for bortfall av inntekter frå billettsal og deltakaravgifter, samt meirutgifter som følgjer av at arrangement må avlysast eller utsetjastpå grunn av koronaviruset.
     
  • Her finn du samla og oppdatert informasjon om styresmakter og andre aktørarar sine tiltak som påverkar sektoren.​

 

Denne koronadugnaden skal vi òg klare.