Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina di når du lastar ned ei nettside, slik som www.sogndal.kommune.no. Sogndal kommune brukar ikkje informasjonskapslar til å generere statistikk og vi kan ikkje spore din bruk av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.

Lagring av opplysningar og behandling av desse opplysningane er ikkje tillate med mindre brukar både har blitt informert om, og har gitt samtykke til handsaminga. Brukaren skal få vite om, og godkjenne kva opplysningar som vert handsama, kva som er føremålet med handsaminga og kven som handsamar opplysningane (ekomloven § 2-7b).

Følgjande informasjonskapslar vert brukte www.sogndal.kommune.no:
ASP.NET_SessionId (Eksempel på verdi: l05aucudkhggfv45dd2l3g55) Denne informasjonskapselen vert brukt for at publiseringsløysinga (EpiServer) skal fungere. Informasjonskapselen vert fjerna frå datamaskina når du lukkar nettlesaren.

FormCookie: Når du fyller ut eit skjema for å sende oss informasjon, vert det lagt igjen ein FormCookie på datamaskina di. Slike skjema vert brukte på sider der du kan gi oss tilbakemelding på om du ”Fant du det du lette etter?”. Denne informasjonskapselen vert sett på din datamaskin for at vi skal kunne styre om du kan sende meldinga ein eller fleire gonger. Den vert ikkje fjerna når du lukkar nettlesaren. Dersom du ønskjer å fjerne den, må du gjere dette i nettlesaren si innstilling.

Informasjonskapslar ved bruk av meldeskjema: Om du sender oss melding om behandling av personopplysningar ved å bruke elektronisk meldeskjema, vert det lagt igjen ein informasjonskapsel på datamaskina di. Dette er nødvendig for at meldeskjemaet skal fungere.

Slik administrerer du informasjonskapslar/cookies