24. november vedtok formannskapet si innstilling til budsjett for 2022 og økonomiplan for 2022-2025. Etter kommunelova skal denne innstillinga verta offentleggjord minst to veker før kommunestyret gjer eit endeleg vedtak. 

Dokumenta er lagde ut på rådhuset i Balestrand, tinghuset på Leikanger og kommunehuset i Sogndal.

Dokumenta finn du også elektronisk her:

Årsbudsjett 2022 og økonomiplan 2022-2025 (PDF)

Innsparingstiltak 2022 (PDF)

Prishefte 2022 (PDF)

Prosjektomtale investering 2022 (PDF)

Saksframlegg - Årsbudsjett 2022 - Økonomiplan 2022-2025

Saksprotokoll - Årsbudsjett 2022 - Økonomiplan 2022-2025 

Eventuelle innspel må sendast til postmottak@sogndal.kommune.no seinast 8. desember.
Kommunestyret gjer vedtak i saka 9. desember.