Det er du som bur ved vegen, som er ansvarleg for å klippa hekk og busker på eigedommen din. Det skal vera god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsler. Å syta for fri sikt er så viktig at ansvarstilhøva er nedfelt i veglova.

Trygg Trafikk og Sogndal kommune oppmodar folk om å klippa hekkar og busker før skulestarten 17. august for å hindra at det oppstår trafikkfarlege situasjonar når borna skal gå og sykla til skulen.

Når du står tre meter inn i avkøyrsla di, skal du ha minst 30 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølgje lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje vera høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla. Om avkøyrsla munnar ut i ein veg med fartsgrense 50 km/t, må det vera fire meter fri sikt inn og 45 meter til kvar side når du står inne i avkøyrsla di.

Meir informasjon finn du på nettsidene til Statens vegvesen