- Tiltaka kommunen har sett i verk har heile vegen vore ut i frå at dette kunne vera ein mutert variant, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø. Folkehelseinstituttet (FHI) har i dag gitt tilbakemelding på at tiltaka er i samsvar med smittesituasjonen.

Tiltaka med isolering av dei smitta, at nærkontaktar er i karantene - og gjenteken testing av desse - og testing av personar med symptom på sjukdom held fram.

Det er framleis over 120 nærkontaktar i karantene og enno fleire i ventekarantene. Det er framleis testar det ikkje er kome svar på.

Det viktigaste me gjer no er å følgja dei nasjonale råda - ver nøye med å halda god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært låg terskel for å testa deg og hald deg heime ved teikn til sjukdom.

Kommunen oppmodar framleis

  • lag og organisasjonar i Sogndal kommune om å utsetja/avlysa arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper innandørs
  • folk om å bruka munnbind der det er vanskeleg å halda avstand.

Kriseleiinga vedtok laurdag å avlysa alle kommunale arrangement fram til 29.03.21. Dette vert gjort for å vera føre var i ein uavklart situasjon med aukande smitte i kommunen.

Dette gjeld

  • alle kommunale arrangement for publikum
  • alle arrangement og kinoar i Sogndal kulturhus
  • felles arrangement og møteplassar på frivilligsentralane, som LF Riverdal møteplass

Bibliotek og frivilligsentral vil ha ope med ordinær drift, men med forsterka smittevern.

Symptom på koronavirus kan vera

  • sår hals
  • hoste
  • tett eller rennande nase
  • hovudverk
  • feber
  • influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • kroppsverk
  • tungpust
  • tap av smak- eller luktesans

Dersom du har symptom, kan du bestilla time til testing på www.c19.no eller kontakta legekontoret. Ved spørsmål om korona, kan du ta kontakt med koronatelefonen på 57 65 28 00 og e-post korona@sogndal.kommune.no.

Rett bruk av munnbind