Sogndal kommune vil kanskje ha bruk for fleire hender i framover i samband med korona-situasjonen, og då er det særleg sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar me vil ha bruk for. Det kan vera pensjonistar eller andre som har høve til å stilla seg til disposisjon.  

Det er òg nyttig for oss å få eit oversyn over nokon som kan hjelpa oss med andre oppgåver knytt til tenestene våre, som til dømes matlaging, telefonvakt og liknande oppgåver.

Dersom kommunen kjem i ein situasjon med mangel på personell, tek me direkte kontakt med deg.

Skjema for kartlegging

Kontaktinformasjon bemanningssentral: 

Me har etablert ein bemanningssentral i Sogndal kommune. Har du spørsmål om kartlegginga, kan du du ta kontakt med sentralen på:
bemanning.helse@sogndal.kommune.no eller på telefon: 404 34 816

Føremål med å samla inn personopplysningar er å få eit register over personar me kan ta kontakt med i samband med eventuelt auka behov i samband med korona.

Opplysningar som vert samla inn, vil bli sletta når me ikkje lenger har bruk for å rekruttera inn ekstra personell i situasjonen me no står i.