Me vil sikre oss kvalifisert arbeidshjelp viss det blir mange alvorleg sjuke bønder på same tid. I tillegg har me fast tilsette landbruksvikarar. Me har fått bra respons og er i gang med å lage oss beredskapslister. Meld gjerne frå om du har ledig avløysar som kan ta ekstraarbeid hjå andre bønder.

Økonomi: Når du er sjuk og sjukmeld er det avløysartilskot ved sjukdom, kr 1 670 pr dag, som skal dekke avløysarutgiftene dine. Avløysartilskot ved sjukdom kjem i tillegg til ordinært avløysartilskot. Dette er midlar som allereie er lovde over jordbruksavtalen i fjor. Sjå gjeldande regelverk og les på Landbrukstenester Sogn si nettside.

Rutinanar som er utarbeidde for å unngå smittespreiing finn du på heimesida vår http://www.landbrukstenester-sogn.no/. Målsetjinga vår er å hjelpe alle bønder som treng avløysar både i denne ekstraordinære situasjonen og generelt. Ikkje nøl med å ta kontakt med oss.