Kommunen har to ordningar: Søknad om kulturmidlar og tilskot til nærmiljøtiltak/anlegg. For 2022 er det gjort nokre endringar i handsaminga av desse. Endringane kjem fram nedanfor. 

Sogndal kommune tildeler kulturmidlar for å fremja eit allsidig kultur-, aktivitets- og organisasjonsliv, og stimulera til nye idear, samarbeid og mangfald.  

Kulturmidlar   

Det kan søkjast om midlar innanfor seks kategoriar:   

  1. Kultur- og aktivitetstilbod for barn og unge  
  2. Allment kulturarbeid  
  3. Kulturarrangement og -prosjekt  
  4. Vedlikehald/oppgradering av forsamlingshus/bygdahus  
  5. Kulturminne/kulturarv  
  6. Andre stønadsordningar  

For alle kategoriane er det utarbeidd felles vilkår for å kunne søkja om kulturmidlar. Retningslinene har òg ein kort omtale om kva som gjeld for den einskilde kategori.
Studer gjerne retningslinjene nøye.

Sjå retningslinjer her

Utval for samfunnsutvikling har etter innspel frå kulturrådet og aktivitets- og friluftsrådet, gjort presiseringar til retningslinjene, som vert gjort gjeldande for tildelinga i 2022: 

  • Idrettslag skal tildelast aktivitetstilskot etter samla tal medlemmer under 18 år.  
  • Alle søknader til aktivitetar og drift, blir tildelt under ordninga for kulturmidlar.  
  • Kunstnarar og kunstprosjekt kan søkje kulturmidlar under kategori 3. Kulturarrangement og -prosjekt.  
  • Det kan søkjast om tilskot til friluftstiltak og folkehelsearbeid under kategori 2 og 3.   
  • Tilskotsordninga under kulturmidlar «Vedlikehald/oppgradering av forsamlingshus/bygdahus» skal og gjelde for klubbhus for idretten og lagshus, så sant desse er opne for allmenta.   

Søknadsskjema kulturmidlar  
 

Søknadsfrist og handsaming

Hovudsøknadsrunden har frist 1. april. Svar på søknaden vil føreliggja etter møte i utval for samfunnsutvikling 15. juni. Det vil vera ein sluttrunde med søknadsfrist 1. oktober.

Tilskot under kategori 3. Kulturarrangement og -prosjekt, kan søkjast heile året. 
 

Tips til utfylling av søknadsskjema (gjeld begge ordningane)

Dersom du avsluttar utfylling av skjemaet utan å sende det inn, noter ned referansenummeret. Då kan du neste gong fortsetja der du gav deg, ved å skriva inn referansenummeret på framsida av søknaden.  

Har du spørsmål til søknadsskjema eller anna, kan du senda dei til kulturmidlar@sogndal.kommune.no
 

Nærmiljøtiltak/anlegg    

Sogndal kommune har i 2022 sett av kr. 300 000 til nærmiljøanlegg.  

Tilskotsordninga er eit ledd i arbeidet med å leggja til rette for kreativ utvikling av nærmiljøa til innbyggjarane i heile kommunen, og kjem som eit tillegg til moglegheita frivillig sektor har for å søkja på ordinære kulturmidlar. 

Frå 2022 vil alle søknader om tilskot til drift, eller aktivitetar og kulturminne handsama under kulturmidlar. Bruk søknadsskjema for kulturmidlar. 

Sjå retningsliner og nærare omtale av ordninga her

Søknadsskjema nærmiljøtiltak
 

Søknadsfrist og handsaming 

Denne ordninga har i år kortare søknadsfrist. Søknadsfristen er sett til 1. april. Målet er at utval for samfunnsutvikling skal handsama søknadane i sitt møte 27. april.