Vedtak (samrøystes):

Endring av detaljreguleringsplan for Nornes vest i samsvar med vedlagt endringsskjema (vedlegg 6) vert vedteken som mindre vesentleg endring etter Plan og bygningsloven §12-14

Saksutgreiing og alle plandokument er å finne på nettsida under politiske møte – møte i utval for plan og samfunn 22.10.2025 i sak 28/2025.  Det vert vist til desse. Den vedtekne planen er bindande for arealbruken i planområdet;

Eit bilete som inneheld kart, tekst, grunnpilar

KI-generert innhald kan vere feil.

 

Rett til innløysing og erstatning

For reguleringsplanar er det etter Plan og bygningsloven §§15-2 og 15-3 reglar der grunneigar har rett til å krevje innløysing og erstatning. Frist for å fremme krav etter desse paragrafane er seinast 3 år etter at planen er vedteken og gjort kjent. 

Om rett til klage

Vedtak av reguleringsplan er eit einskildvedtak som det er rett til å klage på i medhald av forvaltningslova §28, jf. Plan og bygningslova §1-9. Sjølv om dette er eit vedtak om endring av reguleringsplan, er det i denne saka rett til å klage på heile reguleringsplanen.

Dette heng saman med at kommunestyret vedtok detaljreguleringsplan for Nornes vest i kommunestyret i sak 37/21 den 06.05.2021. Denne handsaminga og dokument knytt til denne kan ein sjå i den politiske møtekalenderen.

Vedtaket om godkjenning av reguleringsplanen vart påklaga, og Utval for plan og forvaltning handsama klagen i sak 15/22, 27.04.2022. Handsaming og dokument frå denne saka kan ein sjå i den politiske møtekalenderen. Det vart i klagesaka gjort vedtak om å vedtak å imøtekomme 4 klagepunkt knytt til VA-rammeplan, grunnlag for dimensjonering og skisserte løysingar i denne. I vurderingane i saka var det føresett av VA-rammeplanen måtte reviderast og vidare at reguleringsplanen måtte endrast som følgje av dette. I tillegg vart det i klagehandsaminga vedteke å imøtekomme ein klage ved å legge inn ein mindre tilkomstveg til tomter i tilgrensande reguleringsplan for Nornes, samt at det var vist til trong for ein generell gjennomgang og oppdatering av planen. Dei andre klagepunkta var ikkje imøtekomme og oversendt Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Som følgje av føresett endring av planen handsama ikkje Statsforvaltaren dei klagepunkta som kommunen ikkje imøtekom i sak 15/2022, jf. brev frå Statsforvaltaren 30.11.2022, men viste til at kommunen måtte kunngjere og sende planen til råka parter med ny klagefrist etter at vedtak av endring av planen vart gjort i samband med denne saka. Vert klagene oppretthalde, eller det kjem nye klager, må dei bli handsama på nytt på vanleg måte med eventuell endeleg klagehandsaming til Statsforvaltaren.

Så oppsummert;  Partar med klagerett kan i denne saka klage på heile reguleringsplanen, dvs. både på endringar i planen gjort i dette vedtaket av utval for plan og samfunn i sak 28/2025 den 22.10.2025, samt vedtaket i kommunestyret i sak 37/21 den 06.05.2021 om vedtak av reguleringsplan for Nornes vest, jf. forvaltningslova § 28. Klagefristen er tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klage skal sendast til postmottak@sogndal.kommune.no.

Dersom noko er uklårt eller ein ynskjer nærare informasjon om saka er det berre å ta kontakt med:

Arne Abrahamsen
E-post: arne.abrahamsen@sogndal.kommune.no
Tlf: 95 82 48 96