Høyringsutkast lokal fritidserklæring for Sogndal kommune
Utval for levekår i Sogndal kommune vedtok å sende lokal fritidserklæring på offentleg høyring i seks veker.
Høyringsperioden er 03.09.26 til 15.10.26.
Ditt innspel er viktig!
Kva er lokal fritidserklæring?
Ei lokal fritidserklæring er ei intensjonsavtale mellom frivillige lag og organisasjonar, kommunen og andre aktørar. Målet er å styrkje samarbeidet om fritidstilbodet og redusere utanforskap, i tråd med den nasjonale fritidserklæringa. Målet er at alle barn og unge i Sogndal kommune skal ha høve til å delta i ein fritidsaktivitet – uavhengig av kjønn, bakgrunn, økonomi og funksjonsevne.
Føremål
Føremålet med høyringa er å sikre brei medverknad i arbeidet med å utvikle ei lokal fritidserklæring. Alle kan komme med innspel til høyringa. Ein oppmodar spesielt lag, organisasjonar, råd og utval til å komme med høyringsinnspel.
Vidare saksgang
Arbeidsgruppa vil behandle innspela frå høyringa og ferdigstille fritidserklæringa. Lokal fritidserklæringa blir sendt til politisk handsaming i november 2026 for tilslutning. Etter politisk handsaming ser ein føre seg ei felles signering med ordførar og representantar frå frivillige lag og organisasjonar som ynskjer å slutte seg til fritidserklæringa.
Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa ynskjer innspel på kvar av dei fire hovudområda.
1: Lokal visjon
2: Forplikting for partane
3: Målsetting for erklæringa
4: Organisering og oppfølging
Ein ynskjer også attendemelding frå aktørar som ynskjer å slutte seg til ei lokal fritidserklæring.
Last ned utkast til lokal fritidserklæring her: Høyringsutkast lokal fritidserklæring pdf, 184 kB.
Innspel kan sendast inn via
- Skjema: Høyringsuttale (KF-239-FK) Lenke til et annet nettsted.
- E-post: postmottak@sogndal.kommune.no
- Sogndal kommune, postboks 153, 6856 Sogndal
Merk e-posten med “Høyringsinnspel fritidserklæring" og eventuelt overskrifta/vedlegget du gjev høyringsinnspel på. Frist: 15.oktober.
For meir informasjon om fritidserklæringa:
- Fritidserklæringen | Bufdir Lenke til et annet nettsted.
- ALLEMED – Bli med på den nasjonale dugnaden! Lenke til et annet nettsted.
- Velkomen til arbeid med fritidserklæring - SOGNDAL KOMMUNE Lenke til et annet nettsted.
- Velkommen til Frivillighetens ordbok | Frivillighet Norge Lenke til et annet nettsted.
For spørsmål knytt til fritidserklæringa kontakt:
Linda Mathisen
Fritidskoordinator
47 50 77 49
Linda.mathisen@sogndal.kommune.no
Sist oppdatert

