Høyring: Kriteria for søknad om tilskot til vegvedlikehald av privat veg i Sogndal kommune

Utval for Plan og samfunn i Sogndal kommune vedtok 02.09.26 i PS 22/2026 å sende Kriteria for søknad om tilskot til vegvedlikehald av privat veg på høyring
Høyringsperioden er 11.09.26 til 23.10.26.

Samandrag av saka

Etter kommunestyret si handsaming av saka om avhending av kommunale vegar til private våren 2026, vart det vedteke å vidareføre den tidlegare ordninga der vegeigarar og vegbrukarar kan søkje om tilskot til vedlikehald av private vegar etter nærare fastsette kriterium.

Under behandlinga i utval for plan og samfunn, formannskapet og kommunestyret vart det uttrykt ønskje om å gjennomgå og revidere kriteria frå den tidlegare ordninga. Kriteria er no vurderte og reviderte, og vert lagde ut på høyring for innbyggjarane i kommunen.

Føremål

Sett i lys av avhending av kommunal veg til private vil kommunen søke å legge til rette for tilskot til dei som stettar kriteria for å søke om tilskot til vedlikehald av privat veg. Dette vil ha ein positiv gevinst for dei som får tildelt støtte.

Støtte til brukarar av kommunal helseteneste vil kunne få ei mindre økonomisk belastning og derav lettare kunne bu lengre heime.

Kriteria er søkt utforma slik at dei som har større vedlikehaldsutgifter på privat veg med få interessentar skal få ei viss økonomisk støtte til den private vegen.

Vidare saksgang

Etter at høyringsfrist er ute vil administrasjon vurdere alle innspel og leggja fram ein ny politisk sak. Saka vil så bli handsama i Utval for plan og samfunn, formannskap og kommunestyre.

Politisk sak PS22/2026 Kriteria for søknad om tilskot til vegvedlikehald av 
privat veg Lenke til et annet nettsted.

Merk e-posten med “Høyringsinnspel Kriteria for søknad om tilskot til vegvedlikehald av privat veg " og eventuelt overskrifta/vedlegget du gjev høyringsinnspel på. Frist: 23. oktober.

For spørsmål knytt til saka ta kontakt med:

Torgeir Bang
Konstituert kommunalsjef teknisk drift
90021120
torgeir.bang@sogndal.kommune.no

Sist oppdatert

Brøytetraktor

Illustrasjonsfoto: Sogndal kommune

Fann du det du var på jakt etter?