Høyring: Lokal forskrift Sogndal kommune - ny finansieringsordning for private barnehagar 2027

Utval for levekår i Sogndal kommune vedtok 02.09.26 i PS 19/2026 å sende lokal forskrift Sogndal kommune - ny finansieringsordning for private barnehagar 2027 på offentleg høyring i seks veker.

Høyringsperioden er 11.09. til 23.10.2026.

Kva er ny lokal forskrift Sogndal kommune - ny finansieringsordning for private barnehagar 2027

Stortinget vedtok i 2025 nye reglar for styring og finansiering av private barnehagar. Målet er å gi kommunane større moglegheit til å styre barnehagesektoren lokalt, samstundes som private barnehagar skal ha føreseielege og rettferdige rammevilkår. Den nye ordninga inneber at finansieringa blir delt inn i ulike tilskotstypar, mellom anna grunntilskot, pensjonstilskot og eigedomstilskot. Kommunane får større ansvar for å fastsetje delar av tilskota ut frå lokale behov og satsingar. Endringane skal òg bidra til at offentlege midlar i større grad blir brukte til barnehagedrift og til å sikre likeverdige tilbod for barna

Hovudtrekk i den nye ordninga

  • Kommunen skal gi eit grunntilskot til private barnehagar, basert på utgiftene i dei kommunale barnehagane.
  • Det blir høve til å gi ekstra tilskot knytt til lokale satsingar, til dømes styrkt bemanning eller tiltak i levekårsutsette område.
  • Pensjonstilskotet skal i større grad byggje på dei faktiske pensjonsutgiftene i private barnehagar.
  • Det blir eigne reglar for eigedomstilskot, og ei overgangsordning for å sikre meir føreseielege økonomiske verknader
  • Dei nye reglane får verknad for tilskotsåret 2027.

Dette blir ofte omtalt som eit skifte frå ei meir nasjonal og standardisert finansiering til ei ordning der kommunane får større moglegheit til lokal tilpassing og styring

Føremål

Føremålet med høyringa er å sikre brei medverknad i arbeidet med lokal forskrift med ny finansieringsordning for private barnehagar 2027. Alle kan komme med innspel til høyringa. Ein oppmodar private barnehagar, private barnehagars landsforbund(PBL), organisasjonar, råd og utval til å komme med høyringsinnspel.

Vidare saksgang

Sogndal kommune vil handsame innspela frå høyringa og ferdigstille den lokale forskrifta Sogndal kommune - ny finansieringsordning for private barnehagar 2027 . Sogndal kommune - ny finansieringsordning for private barnehagar 2027 blir sendt til politisk handsaming i november 2026 for tilslutning.

Høyringsforslaget

Last ned utkast til Sogndal kommune - ny finansieringsordning for private barnehagar 2027 her: 

Innspel kan sendast inn via

Merk e-posten med “Høyringsinnspel Sogndal kommune - ny finansieringsordning for private barnehagar 2027 " og eventuelt overskrifta/vedlegget du gjev høyringsinnspel på. Frist: 23.oktober 2026.

For meir informasjon om ny finansieringsordning for private barnehagar 2027:

For spørsmål knytt til: Lokal forskrift Sogndal kommune - ny finansieringsordning for private barnehagar 2027, kontakt:

Kjell Ertesvåg
Tenesteleiar barnehage
90 83 53 33
kjell.ertesvag@sogndal.kommune.no

Sist oppdatert

Collage av bilete av aktivitet i barnhage, fleire turbilete

(Illustrasjonsfoto: Sogndal kommune)

Fann du det du var på jakt etter?