Vedtak. Planendring etter forenkla prosess for Detaljreguleringsplan for Myradn
Utval for plan og samfunn handama i sak 29/2026 i møte den 14.10.2026 og gjorde slikt samrøystes vedtak:
Vedtak
Det vert med grunnlag i søknad rev. 11.09.2026 og med heimel i Plan- og bygningsloven § 12-14 gjort vedtak om planendring etter forenkla prosess for Detaljreguleringsplan for Myradn 30.03.2023, planid. 4640-2022004 ved at følgjande føresegner vert endra:
- Pkt. 3.1 Masseuttak, punkt a og b (endringar i kursiv):a) Innanfor planområdet skal det drivast masseuttak og industri i samsvar med driftsplan og følgjande fristar:
- Sprenging/uttak av stein er tillate fram til 01.06.2028.
- Knusing/foredling av massar skal vere ferdig innan 01.06.2029.
- Mellomlagring av knuste/foredla massar er tillate fram til og med 01.09.2030.
- Heile planområdet skal vere tilstelt og ferdigstilt innan 15.10.2030, og såing påfølgjande vår. Bandleggingsområdet for ny Rv. 5 skal vere tilstelt, men ikkje ferdigstilt som næringsområde, jf. føresegn 3.2.
- Det skal bli utarbeida ein konkret framdriftsplan, og statusrapport knytt til denne skal sendast kommunen kvar 3. månad, første gong 01.02.2027.
b) I tillegg gjeld følgjande føresetnader for drift:
- Driftstidene er måndag til torsdag kl. 07.00–16.00 og fredag kl. 07.00–12.00.
- Sprenging kan berre skje i tidsrommet måndag til fredag kl. 07.00–16.00, og normalt om lag tre gonger årleg.
- Sprenging skal varslast med SMS.
- Plassering av alle støykjelder skal vere nede i bruddet bak masselager.
- Knusing av massar skal i hovudsak skje ved bruk av knusekule. Pigghammar skal berre nyttast der knusekule ikkje er eigna.
- Innkøyringa til anleggsområdet skal sikrast med bom. Det skal elles setjast opp sikring langs tomtegrensene kring det regulerte området.
- Avslutning, opprydding og istandsetting av masseuttaket skal elles følgjast opp gjennom gjeldande konsesjon, driftsplan med avslutningsplan. Avslutningsplanen skal legge til grunn at masseuttaket skal avsluttast med jordslåing for skråningar/ grøntbelte og skal vise ein overordna situasjon med inndeling i framtidig grøntareal og næringsareal.
- Dersom det ikkje går ut over vilkår for drift og framdrift, kan delareal bli tilstelt og ferdigstilt undervegs.
- Føresegn pkt. 5.1.2 Byggesøknad, punkt a (endring i kursiv):
a) Før tiltak kan gjennomførast skal det utarbeidast ein grøntplan, som bygger vidare på avslutningsplan for masseuttaket. Det skal leggast opp til planting med tre / busker langs dei ulike vegane og areala. Beplantinga skal ha ei god verknad på alle tider av året, med veksling i fargar og bladverk for å bidra til å skape identitet og orientering i på næringsområdet.
Vedtaket om slik planendring vert grunngjeve med at forlenging masseuttaket er naudsynt for å kunne gjennomføre planen med tilrettelegging av næringsområdet. Støy og støv er ei ulempe for omgjevnadene, men vurdert å vere akseptable med dei føresetnadene som er sett for fristar og drift.
Søknaden med tilhøyrande dokument har vore kunngjort og sendt til uttale frå tiltakshavar etter avklaring med kommunen. Det har også vore helde ope møte på Kaupanger, Vesterland 18.08.2026. Saksutgreiing og saksprotokoll frå handsaming av saka i utval for plan og samfunn er lagt ved.
Klageadgang
Du kan klage på dette vedtaket, jf. forvaltningslova § 28. Klagefristen er tre veker frå kunngjering har motteke vedtaket. Ev. klage skal sendast skriftleg til postmottak@sogndal.kommune.no eller Postboks 153, 6851 Sogndal.
Vedlegg:
Sist oppdatert

