Etter middag i går var det ei tung tid for mange sidan dei måtte venta på mobiltida si. Då den endeleg kom var gleda stor og ekte. Me greidde å aktivisera oss på andre vis og: ping pong og volleyball fekk pulsen opp. Det samme gjorde vel eigentleg stadige besøk på romma.... Heilt stille klokka 23 var det vel ikkje, men etterkvart seinka roen seg og den første dagen på UWC var over.

I dag starta dagen brutalt med rominspeksjon klokka 08.15, dei var overraskande flinke å rydda, før me gjekk til frukost. Etterpå lærte me å laga pizza på stormkjøken. Det var noko skepsis, men resultatet vart meget bra. Etter ein god lunsjpause delte me oss i tre grupper: bushcraft (overleving i naturen), rappelering og kajakk. Som de vil sjå av bileta so var det veldig kjekt. Viss det ser noko rart ut at enkelte et lauv, so er det ikkje fordi me får for lite mat, det var ein del av opplegget:) Me har diverre ingen bilete frå kajakkgruppa, då læraren som var med der var vel so ivrig som elevane i det våte element. 

Etter middag er det ein ny spennande kveld, med nye mogelegheiter og (forhåpentlegvis) kveldro klokka 23:)

Ny oppdatering i morgon. Snakkast!