Etter ein nydeleg fiskegrateng til middag var det godt å få slappa av etter ein hektisk dag. Klokka sju var me so heldige at me fekk ein av lærarane her til å stilla som badevakt og mange nytta høvet til å dyppa seg i det friske vatnet. Kvelden bar preg av at det hadde vore ein hektisk dag og roen seinka seg betraktleg tidlegare enn føregåande kveld:)

Etter rominspeksjon og frukost heiv me oss vatnet og padla innover fjorden. Elevane var imponerande flinke, sjølv om enkelte etterkvart vart litt slitne. Gleda var stor blant dei som fekk haika med følgjebåten siste biten. Undervegs fekk me høyra litt om historien til området. Det var ikkje mange som visste at dei første menneska som slo seg ned på Island kom frå Sunnfjord. Då me kom i land gjekk me ein fin rundtur på eigedommen til sorenskrivar Landmark. Eit flott område!

Spenninga er no stor. Kva får me til middag i dag? De kan elevane sjølve fortelja, for i morgon kjem me heim:)