Det var ein gjeng spente elevar (og foreldre) som møtte på Skogly klare til leirskule. Turen tok utruleg 3,5 time, så det blei travelt for oss då vi kom fram. Då var det rett på aktivitetar. Me fekk velje mellom SUP (Stand Up Paddeling) og bogeskyting, begge deler var veldig kjekke. 

Etter aktiviteten, fekk vi innkvartere oss på rommet. Nokre var raske med å re opp senga si, medan andre trengte litt hjelp for å få dette til. Nett slik det skal vere.

Til middag var det kalkunkjøtbollar med poteter og brun saus. Resten av kvelden fekk me handle i kiosken og dei som ville kunne bade. 

No er me snart klare for natta :)