Webansvarleg har det daglege ansvaret for Sogndal kommune si nettbaserte handsaming av personopplysningar på www.sogndal.kommune.no, med mindre anna er sagt under. Det er frivillig for dykk som besøker nettsida å gi personopplysningar i samband med tenester som å nytte «Fann du det du leita etter?» og så vidare. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre anna er spesifisert.

CustomPublish AS er Sogndal kommune sin databehandlar på nettsida, og er vår totalleverandør for utvikling, drift og vedlikehald av nettstaden. Leverandøren nyttar underleverandørar til å utføre databehandlaroppgåver: 

Opplysningar som vert samla inn i samband med drift av nettstaden, vert lagra på eigne serverar som vert drifta av leverandøren. Det er berre Sogndal kommune og CustomPublish AS (med underleverandørar) som har tilgang til opplysningane som vert samla inn. Ein eigen databehandlaravtale mellom Sogndal kommune og CustomPublish AS regulerer kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis den skal handsamast.