Sogndal kommune samlar inn av-identifiserte opplysningar om besøkande på www.sogndal.kommune.no. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar for å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstaden. Døme på kva statistikken gjev svar på, er kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstader brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert brukte.

Opplysningane vert handsama i av-identifisert og i aggregert form. Med av-identifisert meinar vi at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn, tilbake til den enkelte brukar. Vi samlar først inn heile IP-adressa, men IP-adressa vert av-identifisert slik at berre dei tre første gruppene i adressa vert brukt til å generere statistikk. Det vil sei at dersom IP-adressa inneheld nummer 195.159.103.82, brukar vi berre 195.159.103.xx. I tillegg vert IP-adressene handsama på aggregert nivå, det vil sei at all data vert slått saman til ei gruppe og vert ikkje handsama individuelt.

Vi brukar analyseverktøyet Google Analytics på vår nettstad. Informasjon frå dette verktøyet vert ikkje levert ut til andre aktørar.