Sogndal kommune brukar løysning frå CustomPublish AS for å administrere abonnentar og sende ut brev om nyhende. For at vi skal sende e-post til rett abonnent, må du registrere namn og e-postadresse. I løysninga vert det ført aggregert statistikk over brukar sin aktivitet i nyhendebrevet. Det vert logga kor mange gonger eit nyhendebrev vert opna, kor mange gonger lenkja til ein artikkel er klikka på, kor mange som melder seg av, og kor mange e-poster vi får i retur.

CustomPublish AS er ein datahandsamar for Sogndal kommune. Vi har derfor underskreven ein avtale med firmaet CustomPublish AS.

Opnar du webversjonen av nyhendebrevet, vert det sett ein session cookie. Denne heiter ASPSESSIONIDACABABQ, og vert brukt til å sette språk i tilbakemeldingar til deg som brukar.

Dersom du tek i bruk nyhendebrevtenesta vår, samtykkjer du til at vi oppbevarar namnet ditt og e-postadressa di i ein database. Du kan når som helst slutte å abonnere på nyhendebrevet ved å klikke på avmeldingslenkja som følg med i kvart nyhendebrev.

Del/tips-tenesta på sogndal.kommune.no og i nyhendebrevet
Sogndal kommune si delingsteneste på www.sogndal.kommune.no kan brukast til å vidaresende tips eller dele artiklar frå nettsteden. Opplysningar om deling, slik som e-postadresse, vert ikkje logga. Korleis det aktuelle nettsamfunnet handterer dataene vidare vert regulert av den avtalen du har med nettsamfunnet.

I nyhendebrev-løysninga vår vert det heller ikkje brukt dynamiske delingsknappar. Det vil sei at det ikkje vert køyrt eit skript på sida som automatisk sender opplysningar om deg til Facebook og Twitter, slik det ofte vert gjort. I staden er det lagt enkle lenkjer på knappane som du kan bruke for å dele nyhendebrevet til Facebook og Twitter.