Kyrkjebakken barnehage

Kyrkjebakken barnehage ligg lunt til i Sogndal sentrum, med korte avstandar til alle fasilitetane i bygda. Det er ein triveleg uteplass med husker, sandkassar og leikestativ, og barnehagen nyttar nærmiljøet, skogen som aktive leikeplassar

Barnehagen har 2026/27 tre avdelingar, to småbarnsavdelingar, og ein storbarnsavdeling.

Kyrkjebakken barnehage var stengt 2025/26, og frå 01.08.2026 vert det gjennomført verksemdsoverdraging frå SAMAN studentbarnehage. Barn og tilsette som er i SAMAN 2025/26, vert flytte over til Kyrkjebakken barnehage frå 2026/27.

Før det vert innflytting i Kyrkjebakken, skal barnehagen renoverast, og det er uklart kor tid det vert flytting. Barnehagen vert driven i dei lokala som SAMAN studentbarnehage er i 2025/26 inntil Kyrkjebakken er klar. Det er Kyrkjebakken barnehage som frå 2026/27 er tilrettelagt for studentar ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal

Når Kyrkjebakken barnehage er klar, vil den framstå som ny og moderne barnehage.

Sist oppdatert

Illustrasjon barnehage
Fann du det du var på jakt etter?