Den lokale koronatelefonen vert betent av helsepersonell på helsestasjon- og jordmortenesta i Sogndal. Her kan innbyggarane i Sogndal kommune få råd og informasjon.

Føler du deg sjuk og treng legehjelp, skal du framleis kontakta fastlegen eller legevakta på 116 117.

Før du tek kontakt med den lokale koronatelefonen, oppmodar me deg om å sjekka om du finn svaret på

Du kan også ringa den nasjonale informasjonstelefonen: 815 55 015 som har ope kvardagar 08-18 og helgar 09-16.

Spørsmål som me får inn lokalt frå fleire eller som me tenkjer fleire lurer på, vil bli publiserte på nettsida til kommunen saman med svaret. (Personlege opplysningar vil då vera fjerna frå spørsmåla.)

Koronatelefonen til Sogndal kommune: 57 65 28 00

E-post med spørsmål om korona til kommunen sender du til: korona@sogndal.kommune.no

Den lokale koronatelefonen vil vera open frå klokka 08.30-15.30 på kvardagar. Me vil svara på e-post i same tidsrommet.