For å sikre forsvarleg drift, og kunne best mogleg halde oss til rettleiar om smittevern i barnehagar under covid-19 utbrotet i 2020, vil vi første veka ha ei opningstid på 7 timar.

Denne vil i utgangspunktet vere kl. 08.00–15.00, men den einskilde barnehage har moglegheit til å gjere tilpassingar ut frå lokale omsyn. Barnehagen vurderer om dette er naudsynt. Samla opningstid vil likevel vere 7 timar. Den einskilde barnehage vil formidle ut direkte til føresette når dei skal møte i barnehagen.

Der føresette har samfunnskritiske funksjonar, har barnehagen direkte dialog med desse.

Opningstida vil bli evaluert i løpet av den første driftsveka.

Sogndal kommune vil kome ut med eit informasjonsskriv til føresette i barnehagane. Dette vil bli sendt ut fredag 17.04.

Dersom nokon ynskjer endringar i tilbodet, er det vedtektene som er gjeldande.

 

Nå er det forsvarlig å sende barna i barnehagen from Utdanningsdirektoratet on Vimeo.