Vi skal gjere det vi kan for at dette skal gå fint, sjølv om ting ikkje er heilt tilbake i normale forhold. Nasjonale myndigheiter er tydelege på at det er trygt for barn å kome tilbake til skulen.

Reglar og prosedyrar for oppstart

Skulane i Sogndal følgjer dei nasjonale retningslinjene i høve smittevern, og ut i frå det legg så godt grunnlag som mogleg for eit godt og trygt skulemiljø. For at vi skal få dette til på ein god måte er det viktig at vi følgjer reglar og prosedyrar for oppstart.

Det er tre hovudlinjer vi skal jobbe etter:

  • Sjuke personar skal ikkje vere på skulen
  • God hygiene
  • Redusert kontakt mellom personar

Opning

Vi opnar måndag 27.04.20.

Skuledagen er ordinær, men første veka har SFO ei ytre opningstid kl. 08.00–15.30

Der føresette har samfunnskritiske funksjonar, har skulen direkte dialog med desse.

Vi er anbefalt å ha faste grupper på 15 elevar i 1.–4.trinn og SFO, og vil gjere det vi kan for å sikre dette.