Ungdomsrådet
Ungdomsrådet er ungdom si eiga stemme inn i kommunen. Rådet er eit viktig rådgjevande organ som skal sikre at ungdom sine synspunkt og interesser blir høyrde i saker som påverkar kvardagen deira. Gjennom ungdomsrådet får unge moglegheit til å påverke utviklinga i lokalsamfunnet, løfte fram saker dei er opptekne av og bidra til at kommunen tek gode val for framtida. Rådet består av ungdom frå både ungdomsskular og vidaregåande skular i kommunen.
Ungdomsrådet sine oppgåver:
- Vere eit rådgjevande organ i saker som vedkjem dei unge.
- På eige initiativ ta opp saker som vedkjem born og unge sine interesser i kommunen.
- Stimulere til samfunnsengasjement, medverknad og demokratisk deltaking for ungdom.
- Leggje til rette arenaer der ungdom generelt kan få uttale seg om relevante saker, gjerne også ved hjelp av sosiale medium.
Møte og saker
Møteplan for ungdomsrådet Lenke til et annet nettsted.
Klikk på møtedatoen i kalenderen (lenka over) for å sjå saker og referat.
Medlemmar i Sogndal ungdomsråd for 2026-2027
| Namn | Stad |
|---|---|
| Aurora Eggum | Sogndal |
| Andrea Heggestad | Sogndal |
| Trym Nybø | Sogndal |
| Vemund Ødegård | Sogndal |
| Torje Solbraa Vereide | Sogndal |
| Tora Åsnes Skjerdal | Leikanger |
| Åsa Ramung Husabø | Leikanger |
Tobias Gjerde Wilson | Leikanger |
Eline Eikenes | Leikanger |
| Najma Hajay | Balestrand |
| Madeleine Kleppe Holgersen | Balestrand |
| Toralf Menes | Balestrand |
| Arne Monrad Johnsen | Utval for levekår |
| Varamedlemmar: | |
| Daniel Stautland | Sogndal |
| Leo Berkvam Osen | Sogndal |
| Truls Pettersen Tyssing | Leikanger |
Frida Viktoria Karlsen Johansen | Leikanger |
Frida Emilie Ølmheim | Leikanger |
Guro Marie Bruteig Bøyum | Leikanger |
Anders Hønsi | Balestrand |
Amanda Amalie Lind | Balestrand |
Hedda Louise Strømmen | Balestrand |
Janne Klara Silva Høydal | Balestrand |
| May Kristel Bødal | Utval for levekår |
Val og samansetting
Ungdomsrådet har 13 medlemmer, og representerer ungdom i heile Sogndal. Det skal veljast 3 representantar frå Balestrand, 4 representantar frå Leikanger og 5 representantar frå Sogndal. Valperioden for ungdommane i rådet er to år. Ungdomsrådet vel sjølv leiar og nestleiar. 1 representant frå komité for levekår er medlem i rådet.
Mynde og ansvarsområde
Rådet skal få seie si meining om alt som er viktig for barn og unge i Sogndal kommune. Ungdomsrådet møtest 5-6 gonger i året. Leiar og nestleiar skal ha faste halvårige møter med ordførar og varaordførar. Kommunestyret set i årsbudsjett av midlar til ungdomsrådet, som rådet disponerer fritt.
Ungdomsrådet legg årleg fram rapport om arbeidet til rådet i kommunestyret.
Kommunestyret skal ha rutinar som sikrar at rådet tek i mot saker på eit så tidleg tidspunkt i sakshandsaming, at slik at det er mogleg for rådet til å påverke utfallet av saka. Rådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem ungdom i kommunen. Protokollen frå rådsmøtet skal fylgje saksdokumenta til dei kommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka.
Rådet skal ikkje handsama saker som gjeld avgjerd for enkeltpersoner.
Rådet skal kvart år utarbeida årsmelding som skal leggast fram for kommunestyret.
Sist oppdatert
