Byggesaker

Av byggesaksgebyret skal 30 % dekke kostnadane med ordinært tilsyn, jf. pbl. § 33-1. Det kan i tillegg ileggjast tilleggsgebyr for oppfølging av avvik og lovbrot som vert avdekka i samband med tilsyn, sjå pkt. 1.9 og 3.11. 

Berekningsgrunnlag
Er gebyrberekninga avhengig av storleiken på bygningsmassen, vert arealet sett lik bruksarealet i høve Norsk standard: NS3940. Arealet vert rekna som summen av samtlege plan, med fråtrekk for tenkte plan, inkludert areal under bakken og vert avrunda nedover til næraste m². Dersom tiltaket ikkje har noko bruksareal, vert rekna gebyret etter bebygd areal (BYA).

Gebyr vert rekna separat for kvart enkelt byggetiltak (bygning) sjølv om søknaden gjeld fleire tiltak. I tillegg til sjølve handsamingsgebyret, kjem gebyr for eventuelle dispensasjonar, gebyr for godkjenning av ansvarsrett og for avvikshandsaming ved gjennomføring av tilsyn. Der det er behov for å ajourføre kartet i kommunens kartbase kjem gebyr også for dette i tillegg, sjå pkt. 6.7.4.