Plansaker - Berekningsgrunnlag
Berekningsgrunnlag
Grunngebyret vert rekna etter storleik på planområdet pluss bruksarealet for bebyggelsen planen opnar for (sjå tabell under). Sjølv om areala vert redusert ved den politiske handsaminga vert gebyrgrunnlaget ikkje endra.
Alle areal som skal nyttast for å utføre tiltaket, tene tiltaket eller som vert påverka av tiltaket inngår i arealberekninga. Areal som berre vert tekne med for å sikre heilskapen, vert haldne utanfor. Sjøareal vert berre rekna med for den delen som skal nyttast til tiltak i sjø.
Gebyr vert rekna etter bruksareal for ny og for eksisterande bebyggelse som skal bli ståande. I dei tilfella der reguleringa opprettheld bruksformålet for eksisterande bebyggelse vert det ikkje berekna gebyr av denne. Det skal reknast gebyr for bruksareal som ligg både over og under terreng.
I sone med særlig omsyn til kulturmiljø inngår berre bruksarealet for eventuell ny bebyggelse (ikkje eksisterande).
