Får du positiv sjølvtest, bør du registrera det i Remin, som er smitteprogrammet Sogndal kommune nyttar. Du loggar deg inn via ID-porten. (Løysinga for sjølvregistrering er diverre berre på bokmål)

Registrer positiv koronatest

Når du har registrert positiv koronatest, vil du få ei stadfesting på SMS frå kommunen med meir informasjon.

Dette må du gjera når du har testa positivt på korona

Når du har testa positivt på korona, bør du halda deg heime i 4 døgn frå symptoma starta og til du har vore feberfri i eitt døgn.

Skuleelevar og yngre barn treng ikkje halda seg heime i fire døgn om dei vert smitta med korona. Desse barna treng berre halda seg heime dersom dei er sjuke, og dei kan gå på skulen eller i barnehagen når dei har vore utan feber i 24 timer. 

Om du blir smitta med korona, treng du ikkje lenger informera nærkontaktane dine om smitten.

Dei som bur saman med nokon som er smitta, men ikkje har symptom, treng ikkje testa seg.

 

Informasjon om testing

  • Om du har luftvegssymptom som nyleg har oppstått, bør du testa deg for koronasjukdom.
  • Om du ikkje har symptom og bur saman med nokon som er smitta, treng du ikkje testa deg.
  • Dersom du får positiv sjølvtest heime, bør du registrera dette i kommunen sitt system for å spora smitte. Ein positiv sjølvtest blir ikkje registrert på helsenorge.no, og vil ikkje bli vist i koronasertifikatet.
  • Dersom du ikkje er fullstendig vaksinert, om du til dømes manglar oppfriskingsdose, bør du ta ny test på ein teststasjon og få stadfesta den positive sjølvtesten.
  • Det er ikkje naudsynt med stadfestande test for dei som har fått oppfriskingsdose (booster) eller er grunnvaksinerte og etterpå har gått gjennom koronasjukdom dei siste 3 månadane.

Har du testa positivt på korona og har spørsmål du ikkje finn svar på i informasjonen over eller på Koronavirus - helsenorge.no, kan du ta kontakt med smittevernlege: tlf. 47 89 68 55.