Plan og forvaltning vedtek mindre endring av detaljreguleringsplan for Rv. 55 Bondeviki – Fardal Utbetring av eksisterande veg, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14, slik det går fram av plankart sist revidert 10.02.2021, jf. vedlegg 1-3.  
Endringa går fram av plankart, dagsett 10.02.2021.  


Kort om endringa

Endringa gjeld flytting av avkøyrsle og tilkomstveg til to eigedommar. 
 

Eventuelle klagar

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltningslova § 29 tre veker, sett til 03.05.2021. 
Eventuell klage må fremjast skriftleg og sendast pr. e-post til
postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til postboks 153, 6851 Sogndal. 
 

Dokument