På bakgrunn av smittesituasjonen i landet, held me på besøkskontroll ved institusjonane våre inntil vidare.

Retningslinjer for besøk til bebuarar på institusjon, uavhengig av vaksinasjonsstatus: 

  • Dei som ynskjer det, kan besøka bebuar, maks to av gangen med minst ein meters avstand til bebuar og personal.
  • Smittevernreglar må overhaldast.   
  • Me ynskjer at munnbind vert nytta under besøk.
  • Unngå besøk dersom de har infeksjonssymptom frå luftvegar eller mage/tarm. 
  • Besøkande må skriva seg inn i boka (blir sletta etter ti dager), fylla ut eigenerklæring og halda avstand.  
  • Ved utandørs besøk kan fleire vera til stades.
  • Dersom de kjem frå område med høgt smittepress, ynskjer me at de utset besøket.

Me ynskjer at besøkande held fram med god handhygiene med spritdesinfeksjon eller handvask før og etter besøk.

Takk for at du følgjer retningslinjene!