Når bebuaren er koronavaksinert:

Beskyttelse vert oppnådd ei til to veker etter fullvaksinering. Råda under vil såleis gjelda etter denne tidsperioden:

  • Om bebuar og besøkande er vaksinerte, kan ein ha fysisk kontakt. Men besøkande bør framleis halda minst ein meters avstand til tilsette og andre bebuarar enn den dei besøker, på grunn av usikkerheit rundt smittespreiing frå vaksinerte.
  • Vaksinerte bebuarar kan ha nærkontakt med eit avgrensa tal uvaksinerte besøkande. Besøkande bør framleis halda minst ein meters avstand til tilsette og andre bebuarar enn den dei besøker. 
  • Opphald i fellesareal er tillate dersom det er mogleg for besøkande å halda minst ein meters avstand til tilsette og andre bebuarar enn den dei besøkar.

Når bebuaren ikkje er vaksinert:

Dersom bebuaren ikkje er vaksinert, må sårbarheit for smitte og risiko for alvorleg sykdomsforløp ved covid-19 vurderast:

  • Me vil leggja til rette for besøk, og besøket må avtalast på førehand
  • Besøk skal berre gjennomførast på pasientrom. Ein kan ikkje gå/trille tur inn på dei andre avdelingane, eller opphalde seg på stovene/gangen i avdelingane.
  • Dei som ynskjer, kan besøke bebuar, maks to av gangen med minst ein meter avstand til bebuar og personal innandørs.
  • Ein av dei tilsette vil møte deg ved inngangen og følgje deg til rom/besøksrom til bebuar.

Generelle reglar:

  • Fysiske besøk bør avklarast med institusjonen i forkant.
  • Du kan ha med blomar, gåver og dyr under besøket.
  • Besøkande skal ikkje omgåast andre bebuarar, besøkande eller tilsette.
  • Besøk under måltid er ikkje ønskeleg, utover det er det ingen begrensningar.
  • Smittevernreglar MÅ overhaldast. Alle må vere friske, skrive seg inn i boka og fylle ut eigenerklæring og halde avstand.
  • Alle som dei siste 10 dagane har vore i område med høgt smittetal, må nytta munnbind eller utsetta besøket. 

Minner om god handhygiene med spritdesinfeksjon eller handvask før og etter besøk.

Desse retningslinjene er til for å beskytta sårbare pasientar og bebuarar mot potensielt livsfarleg smitte.

Takk for at du følgjer dei!