For å kunne gjennomføra besøk, må både bebuaren og besøkande forstå og følgja desse krava: 

Retningslinjer for besøk til bebuarar:

  • Du må avtala besøket på førehand. Ta kontakt med avdelinga i god tid før. (Telefonnummer finn du under Einingar nedst i artikkelen).
  • Besøk må føregå inne på pasientrom eller eige besøksrom.
  • Opphald i fellesareal innandørs er ikkje tillate.
  • Dei som ynskjer, kan besøka pasient, maks to av gangen, innandørs.
  • For utandørs besøk kan fleire vera tilstades, men ikkje fleire enn at 1 meters avstand vert oppretthalde.
  • Pårørande og eventuelt frivillige kan ta med bebuaren på tur/trilletur eller sykkel.

Generelle reglar:

  • Hald minimum 1 meters avstand mellom bebuaren og deg som er på besøk.
  • Du kan ha med blomar og gåver under besøket.
  • Kjæledyr kan ikkje vera med på besøk.
  • Ein av dei tilsette vil møta deg ved inngangen og følgja deg til rom/besøksrom til bebuaren.
  • Bebuaren og besøkande skal ikkje omgåast andre bebuarar, besøkande eller tilsette.
  • Besøk under måltid er ikkje ønskeleg, utover det er det ingen avgrensingar.
  • Ved endring i smittesituasjon eller viss me ser at det blir vanskeleg å oppretthalda retningslinjene, kan det bli nødvendig å stenga heilt for besøk igjen.
  • Det er svært viktig å følgja grunnleggande smittevernrutinar, spesielt god handhygiene.

Viktig:

  • Besøkande kan ikkje ha symptom på akutt luftvegsinfeksjon eller hatt nærkontakt med personar med bekrefta covid-19.
  • Besøkande kan ikkje ha vore utanfor Noreg siste 10 dagar.
  • Personalet vil be deg om å lesa og signera ei eigenerklæring før besøket.

Desse retningslinjene er til for å beskytta sårbare pasientar og bebuarar mot potensielt livsfarleg smitte.

Takk for at du følgjer dei!