Alle som spør, har rett på grunnleggande informasjon om handsaming av personopplysningar i ei verksemd etter personopplysningslovens § 18, 1. ledd. Sogndal kommune har gitt denne informasjonen i denne erklæringa, og vil vise til den ved eventuelle førespurnader. Dei som er registrert i eit av kommunen sine system har rett på innsyn i eigne opplysningar. Vedkomande har og rett til å be om at opplysningar som er feil, er ufullstendige eller kommunen ikkje har tilgang til å handsama blir retta, slettet eller supplert. Krav frå den registrerte skal takast vare på og svarast på seinast innan 30 dagar.