Kringom sine serviceskyss-ruter vert starta opp att frå tysdag 31. mars. Som før er rutene opne for alle, men på grunn av koronasituasjonen gjer Kringom nokre tilpassingar for å leggja til rette for at sjåførane og dei reisande i minst mogleg grad vert eksponerte for smitterisiko. Det er laga eigne retningslinjer som vil gjelda inntil vidare.

Informasjon om gjeldande retningslinjer for serviceskyss-rutene, samt ruter og tinging i dei enkelte kommunane, finn du på Kringom.no

Serviceskyssen er eit brukarstyrt transporttilbod som hentar deg heime hjå deg sjølv, og som køyrer deg heim att. Det er sett opp ruter på faste dagar og til fast tid, kvar eller anna kvar veke. Tilbodet blir vurdert jamnleg. Dersom ei rute ikkje vert brukt, kan ho bli endra eller lagt ned.

Serviceskyssruter i Sogndal:

  Ruta går Til Sogndal Frå Sogndal
Fjærland-Sogndal Onsdag 09.30 12.30
Raunehaug - Skarsbø - Fardal - Ytre Slinde - Ylvisåker - Sogndal Onsdag i partalsveker, fredag i oddetalsveker 09.20 13.00
Fimreite - Sogndal Onsdag 09.25 13.00
Selseng - Fretland - Notsete - Avsøla - Sogndal Onsdag i partalsveker 09.20 13.00

Tinging
Alle som skal vere med på serviceskyssruta må tinge på førehand.
Sogndal: Tinging skjer på telefon 57 67 10 00 eller e-post post@sogndaltaxi.no innan kl 20.00 dagen før.
Fjærland: Tinging skjer på telefon 909 26 582 innan kl 20.00 dagen før.

Eigenandel
Eigenandel for passasjerar er kr 30,- pr tur.

Serviceskyssruter i Balestrand:

  Ruta går Til sentrum Frå sentrum
Nessane - Villavegen/Helsetunet - Balestrand Fredag 08.40 11.15
Vetlefjorden - Skaasheim/Granlia -  Balestrand Fredag 09.50 12.35


Tinging
Alle som skal vere med Serviceskyssruta må tinge på førehand.
Tinging skjer på telefon 918 96 400 virkedagen før innan kl.15.30.

Eigenandel
Eigenandel for passasjerar er kr 30,- pr tur.

Serviceskyssruter i Leikanger

  Ruta går Til sentrum Frå sentrum
Grinde-Strandavegen-Leite-Hermansverk Tysdag og fredag 09.45 11.15
Krosshaug - Hermansverk Tysdag og fredag 10.20 12.00

Tinging
Alle som skal vere med Serviceskyssruta må tinge på førehand.

Tinging skjer på telefon 468 91 580 innan kl. 13 dagen før.

Eigenandel
Eigenandel for passasjerar er kr 30,- pr tur.

Sjå også kringom.no