Kommunen avgjer sjølv korleis det skal organiserast, men det skal opprettast eit eige tilbod som berre omfattar 12 timar. Kommunen har difor oppretta eit nytt SFO tilbod frå 8 – 15 kvar dag som er for alle born i SFO.

Kostnaden for dette nye tilbodet er kr 1440.  For førsteklassingar er det gratis.
Legg merke til at du då må velja tilbodet SFO008 for elevar i første klasse i søknadsportalen.

Dersom du har søkt om eit anna tilbod og fått vedtak om det vil du få trekt frå kr 1440 om eleven skal gå i første klasse. Sjå tabell under for oversikt over tilboda.

Har du alt søkt om SFO plass og ynskjer å endra til det nye tilbodet kan du gjera det ved å senda e-post til skulen. Frist for å søka er 20. juli.

Matpengar kjem i tillegg sjølv om eleven har tilbod om gratis SFO.

Tabellen under gir ei oversikt over tilboda og pris.

Prisar SFO
Plasstype Ordinær pris Pris 1.klassingar Matpengar
SFO001 Heilplass inkl. ferie 2 950 1 510 265
SFO002 Heilplass eks. ferie 2 790 1 350 265
SFO003 To faste ettermiddagar pr veke eks. ferie 1 050 0 155
SFO004 Ettermiddagsplass eks. ferie 1 900 460 265
SFO005 Morgonplass eks. ferie 1 050 0 0

SFO007 Nytt tilbod 12 timars SFO 8 - 15 (Inkluderer alle ikkje ordinære dagar og 2 dagar pr ferieveke fastsett av skulen).

1 440   265
SFO008 Nytt tilbod 1. klassingar 12 timars SFO 8 - 15 (Inkluderer alle ikkje ordinære dagar og 2 dagar pr ferieveke fastsett av skulen).   0 265
Ferietilbod pr veke 791 430  
Ferietilbod pr dag 320 248  


Sogndalsskulen ynskjer alle ein retteleg god sommar!