Me har brukt eit opplegg som heiter "Skaperskolen" der elevane jobba på grupper og vart tildelte ulike oppdrag. Oppdraget kunne vera finna opp ei veske til ein rotete brannmann, ein kopp til ein nervøs tannlege ellereit kamera til ein lærar med knekt arm. Utfrå brukarbehova skulle dei teikna og designa ein prototype som dei fekk presentera for resten av klassen. Mykje bra arbeid og mange interessante løysingar...