Kaupanger skule


Kaupanger skule er ein 1 – 10 skule med litt over to hundre elevar. I alt 39 personar tilsett på skulen og i skulefritidsordninga. Skulen ligg fint til i furuskogen på Kaupanger. Ei bygd med om lag 1500 innbyggjarar, 11 km frå Sogndal sentrum. 

Skulen er bygd i fleire trinn: Me har "Gamleskulen" der førsteklasse og SFO held seg. Ved sidan av er gymnastikkbygget. Hovudbygningen ligg i midten som inneheld kontor, lærarrom, arbeidsrom for lærarane, bibliotek, formingsavdeling, skulekjøken og klasserom. Det øvste bygget inneheld klasserom, grupperom, naturfagrom og musikkrom.


Skogen rundt skulen er med på å prege uteaktivitetane til elevane. Mellom anna er hyttebygging i trea, rolleleik og sistenleikar populære aktivitetar. Naturen vert også brukt aktivt som læringsarena på alle klassesteg. Skulen har lagt til rette for friluftsliv/fysisk fostring gjennom kjøp av utstyr: kanoar, lavvoar, stormkjøken, telt, kart m.m. rom.


Skulen er øvingsskule for Høgskulen på Vestlandet, og kvart skuleår har me studentar som har praksis hjå oss. 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?