Gyda har meldt at ho kjem, og på teknisk drift i Sogndal kommune har me budd oss så godt me kan. I forkant har me gått over rister, slukar og stikkrenner for å sikre at vatnet som kjem så langt mogeleg ikkje skal komme på avvegar og gjere skade. Den kommunale vegen mellom Mundal og Jorddal er stengt på grunn av fare for ras. (Opna att fredag 14. januar.) For bygg kan kjellarane på Sogndal helse- og omsorgssenter og Dalavegen kan vere kritisk, så her er me klare med mannskap og Sogn Brann og redning kan stille med pumper, medan sivilforsvaret har sandsekker som vil bli nytta om naudsynt.  

Våre mannskap vil vere i beredskap dei kommande døgna, og er klare for å trø til om noko skulle skje. Me vil sjølve følge med, men er takksame for å få meldingar om de som innbyggjarar oppdagar situasjonar som er, eller kan utvikle seg til, kritiske hendingar. 

Kontaktinformasjon utom arbeidstid er: 

Teknisk drift Leikanger (kommunal veg, vatn og avlaup og bygg i Leikanger): 90 82 76 30 

Teknisk vakttelefon Balestrand (kommunal veg, vatn og avlaup og bygg i Balestrand): 911 07 133 

Meldetelefon veg Sogndal (gjeld vintervedlikehald) - Send gjerne SMS: 95 75 18 76 

Vatn og avlaup  Sogndal/heile kommunen, Gjert Aaberge Dahl: 41 15 08 15 

Veg - heile kommunen, Jon Dale: 45 87 97 12  

Vakthavande brannbefal (Sogn brann og redning): 48 29 69 29/110 

Møtestadar ved krise

Me har faste oppmøtestadar i Sogndal kommune ved bortfall av telefon / viss all kommunikasjon er nede.

Dette er stadane innbyggarane kan møta og få kontakt med kommunen og ambulanse/politi/brannvesen.

  • Sogndal: Sogndal helse- og omsorgssenter
  • Leikanger: Leikanger sjukeheim
  • Balestrand: Balestrand helsetun

Meir informasjon frå Sogndal kommune:

Stengde vegar gunna uvêr

Informasjon om skule i samband med farevarsel

Varsel om flaum- og skredfare på raudt nivå

Meir informasjon om beredskap og krisehandtering: Beredskap og krisehandtering - SOGNDAL KOMMUNE