Det er Husbanken som finansierer denne ordninga, men kommunen som tek imot søknadar og gjer vedtak.

Slik søkjer du

Søknadsskjema til startlån finn du på nettsida til Husbanken

Fyll ut skjemaet og send søknaden til:

Bustadkontoret i Sogndal
Postboks 153
6851 Sogndal

Me handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får eit svar frå oss innan 4 veker frå me har motteke søknaden din og alle nødvendige vedlegg er komne inn i saka. Sakshandsamingstida kan variera etter avtale med søkjar.

Kor mykje kan eg låna?

Dette må me vurdera i kvart enkelt tilfelle.

Ein viktig føresetnad er at du som får startlån, kan betena lånet over tid, og framleis ha nødvendige midlar att til å leva for.

På nettsidene til Husbanken finn du verktøy for å berekna startlån.

Kva får du?

Startlån er i hovudsak eit økonomisk hjelpemiddel til kjøp av bustad.

Du kan også få startlån til

  • hjelp til å bli buande i bustaden du har no
  • refinansiering av eit dyrt lån
  • utbetring av bustad
  • tilpassing av bustad
  • bygging av bustad
  • topp- og fullfinansiering

Krav til søkjar

Startlån kan gjevast til barnefamiliar, eldre, personar med nedsett funksjonsevne eller andre som bur i ein ueigna bustad og anten vil kjøpa bustad eller utbetra/tilpassa bustaden sin.

Startlån kan også blir gjeve til refinansiering dersom du står i fare for å mista bustaden.

Får du lån til bustad i privat bank, kan du ikkje få startlån. Er du ung i etableringsfasen, eller i ein situasjon der du kan spara, får du heller ikkje startlån. Barnefamiliar som har behov for ein stabil bustad raskt, er unntatt frå kravet om å spara.

Du kan søkja startlån i kommunen din viss du er i ein, eller fleire av desse situasjonane:

  • Du er i ein familie med barn, og har behov for ein stabil og trygg bustad.
  • Du får ikkje lån i vanleg bank og kan ikke spara penger til eigenkapital.
  • Du mottek trygd/offentlege ytingar.
  • Du kan mista bustaden ved tvangssal på grunn av bustadgjeld.
  • Du har særlege sosiale eller helsemessige utfordringar.
  • Du er eldre og bur i ein ueigna bustad.
  • Du har nedsett funksjonsevne og må tilpassa bustaden din.

Det er ikkje er nødvendig med eigenkapital for å få startlån. Men du må ha tilstrekkeleg inntekt til å dekka utgiftene på startlånet, ved sidan av andre nødvendige utgifter. I nokre tilfelle kan kommunen gje tilskot.

Manglar du BankID eller er verge? På nettsidene til Husbanken kan du sjå korleis du får søkt.

Vanlege årsaker til avslag 

  • Du er ikkje rekna som økonomisk vanskelegstilt. 
  • Du har for usikker/låg inntekt til å betena eit lån.
  • Det er stor risiko for at du ikkje vil kunne betena utgifter på lånet gjennom heile låneperioden.
  • Kommunen har ikkje meir startlånsmidlar i år. Du kan søka igjen neste år.

Klage på vedtak

Du kan klaga på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har motteke vedtaket. Klagen må vera skriftleg og skal sendast til Sogndal kommune ved bustadkontoret.