Tradisjonen tru designa 10. klassingane bilar. Kven lagar den raskaste bilen? Kven lagar bilen med stiligast design? Dette vil bli avgjort i eigne konkurransar etter ferien. 9. klassingane øvde seg på lodding og i 8. klasse dukka det opp plastprodukt me ikkje har sett før. Kva med ein spelkonsoll- haldar eller eit oppheng/stativ for headsett?