Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving
Dersom du har økonomiske bekymringar, problem med gjeld eller utfordringar med å betale utgiftene dine, kan det vera lurt å søke hjelp så tidleg som mulig. NAV kan gi deg råd om privatøkonomien din. Tenesta er gratis.
NAV har ei nasjonal rådgivningsteneste på telefon. Her får du enkle råd om kva du sjølv kan gjera og kvar du kan henvende deg dersom du trenger mer hjelp.
https://www.nav.no/okonomi-gjeld#spor-NAV-om-rad Lenke til et annet nettsted.
Du kan også ta kontakt på NAV sin chat om økonomi og gjeld her Lenke til et annet nettsted.
NAV kontoret kan også hjelpe deg med økonomisk rettleiing. Har du vanskar med å betale rekningar eller gjeld er det viktig å søke hjelp i tide.
Du kan få økonomisk rettleiing dersom du
- Har problem med å få pengane til å strekke til
- Har vanskar med å betale gjelda di
- Ynskjer dialog og hjelp med å avklare/ få oversikt over din økonomiske situasjon
Kva tilbyr vi?
NAV-kontoret kan hjelpe deg med å få oversikt over økonomien din og sette opp eit budsjett. Du kan få hjelp til å:
- finne ut korleis du kan få mindre utgifter
- vurdere moglegheiter for å auke inntektene dine
- unngå å bruke pengane dine feil
- kontakte og lage avtalar med dei du skuldar pengar
- skrive søknad om utsetting av betaling av gjeld
- få opplysningar om rettar og pliktar
- søke gjeldsordning
- kontakte namsmannen
Korleis få tilbodet?
Ta kontakt med NAV-kontoret for å avtale tid for en samtale. Du kan ringe NAV kontaktsenter for å lage ein avtale med rådgjevar. Telefonnummer 55 55 33 33 dagleg mellom kl 09-15.
Du kan også ta direktekontakt med NAV Sogndal sin vakttelefon for sosiale tenester på telefon nr 907 997 24 dagleg mellom kl 09-15.
Kva må du ta med til møtet med NAV?
Det er lettare å gi gode råd og få oversikt over den økonomiske situasjonen dersom du tek med følgjande dokumentasjon på møtet:
- Sjølvmelding og likning med skatteoppgjer frå siste året ( frå Skatteetaten)
- Kopi av husleige- eller framleigekontrakt, eventuelt innbetalingsslipp for husleige
- Lønnsinntekter og trygdeytingar dei siste tre månadane
- Dokumentasjon på lån og kredittgjeld
- Dokumentasjon på utgifter, til dømes til straum, forsikring, lege, barnehage og liknande
- Dokumentasjon på ubetalte rekningar, inkassosaker, anna gjeld og liknande
- Ta med bank -ID til bruk i kartlegging av økonomi
Dersom du har motteke begjæring om utlegg, tar du med denne. Det same gjeld dersom du har fått innkalling til forliksrådet.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
