Aktivitetstilbod

Ønskjer du å oppleve meistring og sosialt fellesskap gjennom aktivitetar? Vi hjelper deg med å finne ein aktivitet som passar for deg!

Aktivitetstilbodet innan psykisk helse- og rustenester er under utvikling, og vi ønskjer å lage eit tilbod som treff interessene dine – eller hjelpe deg med å finne ein ny aktivitet å prøve. Du kan sjølv vere med og påverke kva aktivitetar som blir arrangerte. Aktivitetane kan til dømes vere alt frå innebandy, fjellturar, klatring, frisbeegolf, styrketrening og gruppetrening.

Faste aktivitetar

Måndag: Klatregruppe 13:00-15:00. Ver obs på endringar - er vêret fint og gruppa ønskjer det, klatrar vi ute i Kvam. Regner det er vi inne i Sognahallen, på Campus Sogndal. 
Onsdag: Tur i nærområdet kl. 11.00–15.00 (sjå aktivitetsplan)

Aktivitetsplan – veke 29Måndag 13.Stengt Tysdag 14.Ope husKl. 16.00–20.00Kl. 17.30 – Middag: Grillmat(Påmelding dagen før på SMS.Pris: middag 50 kr, kaffi 15 kr.)Brettspel-/rollespelkveldKl. 18.00–20.00________________________________________Onsdag 15.Ope husKl. 10.00–12.00Grøn gruppeKlatregruppeKl. 13.00–15.00(Påmelding og meir informasjon på SMS dagen før.Send SMS til 920 38 420.)________________________________________Torsdag 16.Ope husKl. 10.00–14.00Lunsj: BetasuppeKl. 12.00–14.00(Lunsj: 35 kr, kaffi: 15 kr.Hugs å melde deg på dagen før på SMS.)________________________________________Fredag 17.Stengt________________________________________PåmeldingMeld deg på via SMS til 482 21 485. 🙂Er du interessert i klatring? Send SMS til 920 38 420.Merk: Det må vere minst to påmelde for at aktivitetar og måltid skal bli gjennomførte.

Kva er Trivselstunet?

Trivselstunet er eit aktivitetssenter innan psykisk helse- og rustenester i Sogndal kommune. Senteret ligg sentralt til i flotte, nyoppussa lokale i Fossetunet 1A i Sogndal sentrum. Tilbodet er under utvikling.

Første etasje er universelt utforma og legg godt til rette for matlaging, sosiale samvær og kreative aktivitetar. Her finn du sofakrokar, arbeidsbord og eit godt utstyrt, ope kjøkken. Kjøkkenområdet har store vindauge med panoramautsikt over Sognefjorden og Storhaugen. I kjellaren har vi ein fin treningssal der fysisk aktivitet står i fokus.

Utanfor bygget er det enkel tilgang til kommunal parkeringsplass, med kort veg til hovudinngangen.

Er Trivselstunet noko for deg?

Trivselstunet er eit rusfritt tilbod for deg over 18 år som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus, og som ønskjer å vere i aktivitet og ta del i eit sosialt fellesskap. Du avgjer sjølv om tilbodet passar for deg, og du treng inga tilvising for å kome hit.

Kva kan ein gjere på Trivselstunet?

Som deltakar på Trivselstunet kan du vere med og påverke kva aktivitetar som blir arrangerte. Aktivitetane kan vere alt strikking, brettspel, kreativt verkstadarbeid eller å ta ein kaffi i lag med andre.

Moglegheitene er mange, og deltakarane har stor innverknad på kva som blir tilbydd. Har du forslag til aktivitetar, tek vi gjerne imot dei. På Trivselstunet kan du kome som du er, og du vel sjølv kva du ønskjer å delta på.

Kostar det noko å delta på Trivselstunet?

Det er gratis å delta på Trivselstunet, men deltakarane må sjølve dekke utgifter til materiell (til dømes lerret ved måling), transport til og frå aktivitetar, samt mat og drikke. Det er tillate å ta med eige utstyr til aktivitetar og eiga niste om du ønskjer det.

Dei dagane vi lagar mat saman, har vi spleiselag. Betaling skjer via faktura som blir sendt i posten.

Opningstider på Trivselstunet

Måndag:

  • Klatregruppe frå 13-15:00 (Send sms til 920 38 420 om du er interessert eller ønskjer meir informasjon om klatringa) OBS: Klatregruppa har sommarferie veke 25 til og med veke 28.

Tysdag:

  • Ope hus kl. 16:00-20:00
  • Middag: 17:00 (Pris: Middag: 50 kr, kaffi, 15 kr)
  • Brettspel og rollespelkveld: 18:00

Onsdag:

  • Ope hus kl. 10–13
  • Tur i nærområdet kl. 13–15

Torsdag:

  • Ope hus kl. 10–12
  • Felles lunsj kl. 12–15 (Pris: lunsj 35 kr, kaffi 15 kr)

Fredag:

  • Stengt

Nokre aktivitetar krev påmelding, medan andre er opne for alle. Dette er forklart i vekeplanen. Ta ein kikk på vekeplanen for aktivitetstilbodet denne veka lenger oppe på sida.

Lunsj i Lundheim kvar måndag kl 12-14. Pris kr 30. Påmelding innan kl 10 same dag.

Her har me for tida ikkje noko fast tilbod grunna manglande etterspurnad. Ta kontakt ved interesse.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?