Er du bekymra for nokon?

Du kan skriva ei bekymringsmelding når du som pårørande eller bekjent er bekymra for ein anna person sin helsetilstand.


Eksempel på kva du kan melde bekymring om:

  • Generell helsetilstand og funksjon i kvardagen 
  • Pasienten si oppfølging av behandlinga 
  • Effekt av behandlinga 
  • At den som er sjuk, er til fare for seg sjølv eller andre 
  • Svikt i hjelpa 
  • At pasienten har grunnleggjande behov som ikkje blir dekte 

  • namnet på den du er bekymra for
  • fødselsdato og adresse
  • kontaktinformasjon til avsendar
  • beskriving av det som er årsaka til bekymring, gjerne med konkrete eksempel

Dersom du veit kven som er fastlegen til den anteke sjuke, er det beste å sende bekymringsmeldinga rett til fastlege eller legekontoret. Dersom du veit at pasienten har tenester i kommunen, kan du også kontakte tenestestaden direkte.

Dersom du ikkje veit kven fastlegen eller tenestestad er, kan du sende ei bekymringsmelding til tildelingskontoret. Det er viktig å vere klar over at bekymringsmeldinga ofte vert vidaresendt frå tildelingskontoret til fastlegen, heimetenesta eller andre aktuelle instansar. Dette inneberer også at den blir lagra i pasienten sin journal. Pasienten får då tilgang til bekymringsmeldinga.

Bekymringsmeldinga kan du senda per post til:

Tildelingskontoret           
Sogndal kommune
Postboks 351
6851 SOGNDAL

 

eDialog: Send brev og dokument via sikker kanal her Lenke til et annet nettsted.

Kva er eDialog?

 

NB! Du må ikkje sende bekymringsmelding på e-post.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?