Deling
Dersom eigar av ein landbrukseigedom ynskjer å overdra delar av eigedomen til andre, til dømes ei tomt, må det søkjast om løyve om deling etter jordlova.
Søknad om løyve til deling av landbrukseigedomar skal sendast til kommunen der eigedomen ligg. Kommunen avgjer søknaden. Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland.
Korleis søkja?
Det fins ikkje søknadsskjema for å søke deling etter jordlova. Du sender en open søknad til postmottak@sogndal.kommune.no
Søknaden må innehalda gards- og bruksnummer, og en situasjonsplan som syner korleis tomta kan byggast ut. Teikn opp kvar du ynskjer dei nye grensene skal vera i eit kart. Situasjonen må syna eksisterande eigedomsgrenser, eksisterande bygningar og vegtilkomst.
Søknaden skal i tillegg innehalda ei grunngjeving på kvifor du ynskjer å dela eigedomen, og kvifor du vil dela han opp på den måten du har teikna opp. Dette vert vurdert opp etter jordlova §12 Lenke til et annet nettsted. om deling.
Skal dyrka jord takast i bruk til andre formål enn jordbruksproduksjon, eller skal dyrkbar jord takast i bruk slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida, kan samtykke til deling ikkje gjevast utan at det er gitt samtykke til omdisponering etter §9. Denne søknaden kan sendast samtidig som delingssøknaden. Her er det viktig med god grunngjeving for omdisponeringa.
Du må og søkja deling etter plan- og bygningslova, her finn du meir informasjon om deling av eigedom.
Les meir om deling på Landbruksdirektoratet si nettside Lenke til et annet nettsted.
Om vurdering
Ved avgjerd av om samtykke til deling skal gjevast, skal det leggjast vekt på om delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket.
I vurderinga inngår mellom anna:
- Omsynet til vern av arealressursane
- Om delinga fører til ei driftsmessig god løysing
- Om delinga kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området
Det kan leggjast vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under formålet i jordlova.
Moment som vi vanlegvis vurderer, og som talar mot deling kan vera:
- Deling innafor dyrka mark og skog
- Deling midt på eit tun
- Deling som treng vegtilkomst som splitter opp dyrka mark, skog eller tun
- Deling som kan føra til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området
Spørsmål
Ved spørsmål knytt til søknad om deling etter jordlova, kontakt landbrukssjef Olav Øyrehagen.
Sist oppdatert
