Eigedomsoverdraging

Skal du overta fast eigedom ved arv, gåve, kjøp eller stifting av bruksrett over 10 år, er overtakinga i utgangspunktet konsesjonpliktig. Det er fleire unntak frå konsesjonplikta, der du kan levera eigenfråsegn om at du ikkje treng konsesjon. 

Dei fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonsfrie. Det betyr at du ikkje treng å søkja om konsesjon når du overtek eigedommen. I staden leverer du eigenfråsegnsskjema om at du ikkje treng konsesjon.

Du leverer ferdig utfylt eigenfråsegnskjema til Sogndal kommune sitt postmottak. Rettleiing for utfylling står på baksida av skjemaet. 

Kva erverv er konsesjonsfrie? 

Du finn informasjon på Landbruksdirektoratet si nettside Lenke til et annet nettsted.

Kva skjema brukar eg? 

Last ned skjema frå nettsida til Landbruksdirektoratet og send det til postmottak@sogndal.kommune.no:

Gå til skjema LDIR-360 Lenke til et annet nettsted.

Etter at Sogndal kommune har stadfesta at overdraginga av eigedommen er konsesjonsfri, sender du dokumenta til kartverket for tinglysning. 

Dersom overdraginga er konsesjonpliktig, må du søkja om konsesjon. Konsesjonpliktige eigedommar er landbrukseigedommar over 100 dekar. Du må og søkja om konsesjon dersom du overtek landbrukseigedom som har lovbestemt buplikt (frå nær familie), men du ikkje skal busetja deg på eigedommen. 

Korleis søkja? 

Du sender søknadsskjema til kommunen. Send også kopi av kjøpekontrakt og takst over eigedomen.  

Gå til skjema LDIR- 359 Lenke til et annet nettsted. 

Har du spørsmål? 

Du finn svar på Landbruksdirektoratet si nettside Lenke til et annet nettsted.  Lenke til et annet nettsted.

Kontaktperson:

Olav Øyrehagen 

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?