Forureina grunn

Forureina grunn er jord eller berggrunn som:

  • har høgare konsentrasjonar av helse- eller miljøfarlege stoff enn fastsette normverdiar
  • dannar syre eller andre stoff som kan føre til forureining i kontakt med vatn og/eller luft

Målet med opprydding i område med forureina grunn er at det skal bli trygt for menneske som oppheld seg der, og ikkje skada miljøet.

Terrenginngrep i grunn som er forureina, auka risikoen for at menneskje blir eksponert for forureininga, og at forureininga spreier seg i miljøet. Det er difor naudsynt å rydde opp i forureininga før det vert bygd og/eller fylla ut på ei tomt.

Ved bygging og graving pliktar tiltakshavar å undersøkja om det er forureina grunn i området, og å gjere tiltak jf. forureiningsforskrifta §§ 2-4 og 2-5. Om grunnen er forureina skal tiltakshavar utarbeida ein tiltaksplan som skal godkjennast av kommunen før terrenginngrepet tek til jf. forureiningsforskrifta § 2-6.

Døme på aktivitetar som kan ha ført til forureina grunn:

  • Eigedomen har vore nytta til industri eller avfallshandtering
  • Eigedomar der det har vore gjort rivingsarbeid eller rehabilitering av bygningar
  • Eigedomar der det har vore brann

Miljødirektoratet sitt faktaark om «Grunnforurensing – bransjer og stoffer M-813 / 2017» gjev informasjon om mogleg grunnforureining som kan oppstå.

Databasen Grunnforureining Lenke til et annet nettsted. syner eigedommar der det er registrert eller mistanke om forureining i grunnen.

Som tiltakshavar må du hugse å:

  • Vurdere om det kan vere forureina grunn
  • Undersøkje om det kan vere forureina grunn
  • Utarbeide tiltaksplan for opprydding
  • Sende inn tiltaksplan til kommunen for godkjenning
  • Sende inn rapport til Grunnforurensing ved gjennomføring av tiltaket

Miljødirektoratet sine sider gjev god informasjon og rettleiing om forureina grunn Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?